Teikning TA
Eg er paranoid.
Eg legg meg paddeflat og tilstår – eg er paranoid.
Eg lever i den fantasien at eg er så viktig for ein del folk, at dei faktisk brukar energi på å omtala meg seg imellom.
«Kvifor i all verda gjer du det?» tenkjer du nok no.
Og det gjer faktisk eg også.
«SÅ viktig er du no då ikkje», seier han som set på høgre skulder, medan han på venstre seier det totalt motsette.
Slik går no dagane og det gjer faktisk noko med deg.
Fullstendig bortkasta energi og fullstendig ufornuftig.
Etter mange mange år, vart eg minna om ei tidlegare hending i livet mitt.
Ei hending som den gongen pågjekk over tid, men som eg i grunnen hadde bestemt meg for å skrinleggja.
Eg ønskte så til dei grader å skrinleggja det, at eg valde å gå situasjonen i møte.
Eit velkjent triks i psykoterapien – utfordra det du fryktar.
Det eg ikkje var førebudd på, var at motparten ikkje var kjend med dette trikset.
Og der, utan forvarsel, rasa gamle minner nedover hovudet på meg.
Og det som var mest ubehageleg, var at gamle forsvarsmekanismar dukka opp i same slengen.

Me er sette saman på ulike måtar.
Nokon er opne, andre er lukka.
Nokon er så opne at hjernen dett ut.
Nokon er som gåsa og alt prellar rett av.
Andre let seg påverka av det som skjer rundt dei.
Nokon høyrer ord som ikkje vert sagt, medan andre seier ord som ikkje vert høyrde.
Og nokon seier ord som ikkje er sanne.
«Ver tydeleg» er overskrifta her.
Sei det slik det er.
Lat ikkje dei rundt deg lura på kor dei har deg.
Eg er av den oppfatninga at dette gjer livet enklare både for dei som tåler å høyra sanninga
og for dei som ikkje gjer det.
Summen kan ikkje anna enn å koma i pluss.

Plenen er klippt, eg har kjøpt ein lottokupong
og Jan Johanson spelar "Visa från Utanmyra" inn øyrene mine.
Det er fredag og det er skrekkeleg lenge sidan eg har skreve noko.

Takk inger!
SvarSlettDu e god til å sette ord på ting vi sjelden snakker om, men gjerne tenker på!
Velkommen til Hop
Fantastisk godt skreve, Inger! du e go. Nina
SvarSlett