torsdag 4. april 2013

Det er fullbragt



Det er fullbragt.
Eit sitat med historisk sus.
Det er det næraste dei kjenslene eg har no.
Det er fullbragt.
Om lag klokka 00.00 var den tidlegare omtalte prosjektoppgåva ferdig.
Me sat tre stykker og gjorde dei siste korrekturar,
omskrivingar
og nye innfallsvinklar krydra med viktige referansar.
(Eg fekk tilnamnet; frk. Komma)
Og for ikkje å gjera seg blind – måtte me setja strek.
Og no er den levert.
Nye kunnskapar – nye mogelegheiter!?

Tida i Oslo har fått meg til å drøyma tilbake
til den tida «halve Hardanger» herja på Torshov.
Nokon me kjende rundt kvart eit hjørna.
Mykje sosialt.
Middagar med påfylgjande tur til Club7
som seinare vart Sardines
– populært kalla Silda.
Kor enkelt og sutalaust livet var.
Kor sterk og uslåeleg eg kjende meg-
klar til å erobra verda.
Ingen ting var umogeleg.
Ryggsekken stod i skapet og berre hoppa.
Hoppa i påvente av å verta pakka og tatt med «jorda rundt».
Og jobb og utdanning var ingen problem.
Begge deler stod i kø.

Den som var der igjen.
Men tida går og tidene endrar seg.

Eg må ha vore lenge vekke.
Då eg reiste var det vinter.
No er det vår!
På veg til toget var eg innom eit bakeri.
Der snakka dei som stod der, ein heilt vanleg gamaldags Oslo-dialekt.
Det er ikkje ofte i Oslo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar