søndag 31. mars 2013

Dei eldste




Det er av dei eldste me lærer.
Visdom. Klokskap.
Det kjem frå dei eldste.
Erfaringar går i arv.
Gode og dårlege.
Me lærer av foreldra våre
og har stor respekt for dei.
Og når foreldra våre er borte, er det vår tur å gje erfaring og  visdom vidare til våre born.

Då eg var barn, var det sjeldan nokon vaksne som dumma seg ut.
Og gjorde dei det, var det oftast ein god grunn.
Me følte oss trygge i samfunnet.
Dei som styrde landet, var dei eldste.
Dei som styrer landet, skal vera dei eldste.
Hjå utbefolkninga i Amerika  – er dei eldste dei ubestridde leiarane.
Hjå utbefolkninga i Australia, er det dei eldste som rår.
I Syd-Amerika, finn me det same.
Reiser me til Asia, har dei eldste ein særskild posisjon.
Dei yngre lærer av dei eldste.

Dei som styrer landet, skal vera dei eldste.
Ikkje dei yngste – slik trenden er i dag.
Og eg undrar meg på om dette er eit særfenomen for Norge?
Kulturministeren vår er de yngste stortingsrepresentanten me nokon gong har hatt.
Og det vert gjort eit stort nummer av det.
Kva er det for noko då?
Ho er sikkert flink – det er ikkje det.
Eg får bere ei kjensle av at noko er i ferd med å skje.
Ei dramatisk endring.
Frå at det er dei eldste som er dei kloke og vise,
til at dei vert bytte ut med unge jyplingar.
Frå at borna lærer av foreldra, til det motsette.
Og dei eldste misser respekt.
Dei eldste vert ledd av.

Ja, for orsak meg
eg kjenner meg styrt av unge jyplingar.
Eg kjenner meg styrt av unge menn i dress som framleis er halvturre bak øyro
og unge damer som burde vore ute i vårturre gater og hoppa strikk.
Eg er komen i ein posisjon der parti er meg likegyldig,
berre dei som representerer dei er gamle nok.

Og eg likar det ikkje.

Igår hadde mor mi vorte 87 år.
Ho var ei klok dame.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar