Difor tok me
med oss kaffi-doktar og gjekk på isen ein sein fredags kveld.
Me var ikkje sikre på om isen hadde fått sett seg etter sprøyting, men tok risken.
Isoverflata kjendest hard og fin ut.
Månen stod høgt på himmelen.
Den var ikkje full, men den lyste likevel godt.
Fyrste behov for doktar melde seg etter ikkje mange rundane.
Det smaka godt.
Og det var endå kjekkare å skeissa etterpå.
Kor mykje har ein ikkje har tatt sjansen på her i livet.
Og kor absolutt mykje meir var det ein ikkje tok sjansen på?
Det er gjerne den siste kategorienein ein angrar på, om ein skal bruka energi på å angra på noko.
I oktober 1980 tok veninne Nina og eg sjansen på å fly over Atlanteren.
Med nyinnkjøpt Bergans-sekk frå Mo Sport og det som måtte få plass av det ein trudde ein trong, la me ut på vår fyrste reise i beste «On the road»-stil.
Frå New York – via Ottawa i Canada, Michigan, Wisconsin, Forest City i Ohio, Minnesota, Nord-Dakota, Seattle, Vancouver i Canada, ned att til Seattle, California, New Mexico, Grand Canyon, New Orleans, Anna i Illinois, Florida og tilbake til New York.
Fela tur – og me gler oss framleis over at me tok sjansen.
Dette gav meirsmak, så eitt år etter tok eg sjansen igjen.
Midt-Austen, Nord Afrika og Asia var målet denne gongen.

Vel heime
att etter eitt år – tok eg ein ny sjanse.
Eg byrja på Yrkesskulen og lærde meg snikkarfaget.
Det var kanskje ikkje fullt så vellukka – eg skulle nok kanskje heller ha reist litt meir.
Men det går det ikkje an å dvela over.
No har eg tatt sjansen igjen.
Eg har tatt meir utdanning.
Eg har byksa opp i den akademiske sværen og er ganske månebedotten her eg sit og studerer på leiarmodellar, kostnadsbegrep, kalkylar og budsjett.
Det eg likevel er mest glad for eg tok sjansen på, var å få sønene våre.
Det er ikkje berre noko som går av seg sjølv slikt – endå det vert fødd eit barn ca kvart sekund rundt i verda.
Mange stunder har gått med til å engsta seg – men mest har det vore til glede og felles hygge.
Og no når dei har flytta, kan eg gle meg over å få dei heim på besøk.

Norsk Rikskringkasting har fått ny sjef.
Thor Gjermund Eriksen heiter han.
Han tok sjansen på å søkja jobben og fekk den.
Han er journalist og redaktør og tidlegare konsernsjef i Amedia.
Amedia er Norges nest største mediekonsern (etter Schibsted) og vart etablert i 1948 under namnet Norsk arbeiderpresse.
Nrk har tatt sjansen på at alle har straum og internett til alle tider, og digitaliserer no sendenettet over det ganske land.
Det kan verta spanande tider.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar