Det fyrste teiknet på at mor mi hadde gira ned på slutten av livet, var at ho slutta å pussa vasskjelen. Den som alltid var blank som ein spegel, fekk eit dimt lag utanpå.
Og ho hadde ikkje noko problem med det.
Litt sånn kjenner eg det no.
Ikkje at eg har tenkt å gira ned.
Tvert imot – no har eg eit hav med tid å anledning til å gira opp.
Likevel ligg det eit dimt lag over det meste i heimen.
Støv heiter det kanskje?
Det er berre at det gjer meg noko.
Som kvinne i min beste alder, kom eg til å verta arbeidssøkjande.
Noko eg har gjort til gagns.
Søkt arbeid.
Noko som igjen har ført til eit mangfald av kortvarige engasjement i eit svært breitt spekter av arbeidsmarknaden.
Eg kallar meg call-girl, med nasa spisst framover og litt opp.
Det siste
på menyen no, er eit bachelor-program på BI i Oslo.
Er det i håp om å få meg ein feit jobb
eller er det berre for å tøffa meg eg gjer dette?
Er det i håp om å få meg ein feit jobb
eller er det berre for å tøffa meg eg gjer dette?
Nett det er
eg litt usikker på.
Høgt heng det og litt surt er det.
Høgt heng det og litt surt er det.
Eg har
klippa håret kort.
Eg har bestilt billettar til ferietur til sommaren.
Og no trur eg det er best å ta for seg vasskjelen (som eg har arva frå mor mi) og pussa litt på den før eg kastar meg over artikkelsamlinga frå BI.
Eg har bestilt billettar til ferietur til sommaren.
Og no trur eg det er best å ta for seg vasskjelen (som eg har arva frå mor mi) og pussa litt på den før eg kastar meg over artikkelsamlinga frå BI.
Haaaaallllllllaaaaaiiiiiissssssssssssen!!
SvarSlettToppers Inger :-)
Du skriv bra du, Flink du mor :D
SvarSlett