fredag 4. januar 2013

Stort mangfald – ja takk??



Eg er ikkje heilt sikker
Undervegs i min supre Belingo, har eg stort sett alltid på radioen.
I alle fall der det er dekning.
Og igår høyrde eg nitimen, kor dei hadde besøk av to representantar for TV3.
TV3 har eitt eller anna slags jubileum dette året.
Det trur eg jammen Vossajazz har også.
Gratulerer Vossajazz.
Altså, nitimen på statskanalen P1,
hadde besøk av representantar frå TV3.
Og den mannlege av dei to, meinte at med TV3 kom mangfaldet i tv bransjen.
Det har han sikkert rett i.
Men han sa i neste andedrag at
 «og det er ingen i Norge som vil tilbake til statsmonopolet vi hadde med nrk».
«JAU», sa eg høgt til Berlingoen. «Eg vil»!!
Dvs eg er.
Eg har berre nrk.
Allereie med det har eg tre val.
Nrk 1, nrk2 og nrk3.
Meir enn nok.
For meg.
For mange til at eg får med meg det eg hadde tenkt å sjå.
Så mange val, at eg av og til må sjå utvalde program på nettet til frukost neste dag,
eller ein kveld det ikkje er noko anna eg skulle sett.
Eg er kjempefornøygd.
Eg har ikkje tid, ikkje lyst, ikkje behov for dette mangfaldet.
Og eg kan no umogeleg vera den einaste i kongerike Norge med dette manglande behovet??

Ein annan diskusjon i denne diskusjonen, er om det verkeleg er eit mangfald?
Programma er til forveksling temmeleg like.
Nyheiter og SPORT, meir eller mindre intelligente spørjeprogram, reiser til meir eller mindre bortgøymde stader kor det faktisk bur folk, attfinning av bortkomne foreldre, overleving på nedlagde gardar eller eksotiske fort, ex-idretts-stjerner som tevlar om å vera sprekast, slektsgransking osb. osb.
Kor mange kanalar treng me for å sjå det same?
Eg kjenner meg i alle fall ikkje att i ovannemnde sitat.

Skattekortet er endra, det regnar ute, eg har tatt fram William Isaacs’ bok Dialogue, det er te i koppen og henna i håret.
Dette blir ein bra dag.
Ein god dag kjem aldri for seint!
(nok eit sitat, etter Ivar Åsen, sitert av Randi på nyttårsafta kor ho gjorde det om til; «Eit godt år kjem aldri for seint»)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar