onsdag 19. desember 2012

Tjokkalobbene til Hjørdis



I dag  (den 17. desember) er det to år sidan mor vår, ho Hjørdis Pernilda, døydde.
Ho levde eit langt og omsorgsfullt liv, med strenge rammer kring reinhald, klesvask og ikkje minst måltid. Dette mykje på grunn av at far vår, han Anton, var bakar.
Men ho strikka.
Ho kunne strikka i blinde.
Ho strikka medan ho snakka, såg på TV, løyste kryssord og når ho ein sjeldan gong slappa av.
Ho strikka heilt fram til ei veke før ho døydde.
Då strikka ho dress til sitt yngste oldebarn Marcus.

Eg trur eg kan ta orda i munnen for dei fleste av storfamilien, når me set likskapsteikn mellom Hjørdis og strikkepinnar.
Kven av oss er det som ikkje har eit par «tjukkalobbe» etter ho Hjørdis?
Det var eitt av dei orda danske Sanne prøvde å læra seg,
då ho skulle fortelja besten kva ho ynskte seg til jul.
Noko som enda med at besto måtte overta luren for å freista å tyda kva ho sa.
Noko som igjen vart sitert resten av livet.
Takk Sanne!

I dag har eg teke på meg ein av «dropsposane» til mammo.
Det ho gjorde nemlig, var at ho tok det ho hadde av restegarn,
delte det i to like mengder, som ho nøsta saman til to like nøster.
Deretter blanda ho dette med eit nøste litt sterkare garn og strikka labbar.
Lange, korte, store, små deilige labbar.
Og alle såg dei meir eller mindre ut som dropsposar
(sitat Oddvar som gjekk i klassen til syster mi og som kommenterte eitt av labbe-para hennar)
Eg har slått meg på skjerf.
Men vurderer sterkt å læra meg kunsten å strikka hæl
slik at eg kan overta rolla som labbestrikkar i familien.
Eg har arva så mykje anna frå ho mor
så kvifor ikkje?
Men no må eg lesa fag, før eg skal laga deig til lyse kakemenn
og tenkja på middag til dei to som kjem heim til jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar