«Kor er brillene mine?» «Kor er lyklane? «Eg er sikker på at eg la dei her.»
Kjenner du deg att?
Kjenner du deg att?
I sist veke hadde me ein snarvisitt av bror
min.
Eg møtte han oppe hjå den andre bror vår og me skulle køyra heim i hans vesle leigebil.
Me kom heim og etter ein prat var det natta.
Neste dag skulle han til gullsmed Bjørgum og kjøpa ei sølvskei til sitt nye barnebarn. Der oppdaga han til sin forskrekklese at kortmappa hans var vekke.
Kor hadde han den sist?
Me leita overalt og snudde kvar pute både i heimen og i bilen.
Men nei, den var søkk vekke.
Me ringde opp til den andre broren – men nei, der var den heller ikkje.
Her var det berre å sperra kontoar.
Så ringjer telefonen.
Det er svigerinna vår.
Ho har funne kortmappa.
Oppi handveska si.
Og ho hadde ikkje lagt den der sjølv.
Ja, det var ein heilt naturleg stad?

Me reiste letta opp å henta mappa, for så å
reisa til gullsmeden for å henta skeia.
I førekant av dette, var det min tur.
Kor var nøklane mine?
Husnøklar, postnøkkel osb.
Søk vekke.
Eg hadde gått nøye gjennom kor eg hadde brukt dei sist.
Og fann ut,etter ei lang stund og mange grundige tankar, at det var på posten.
Eg tok turen ned på Coop Prix, kor posten er no.
Eg spurde om dei hadde funne ei nøkkelhank.

Og det hadde dei!
Ho låg no på apoteket!
Ja, det var ein heilt naturleg stad?
Og det var ein heilt naturleg stad.
Eg har nemlig ei lita brikke på nøklane mine.
Den har eg fått på apoteket.
På den er det registrert eit nummer, som i neste omgang kan sporast tilbake til meg.
Alle ting er tilbake på plass.
For denne gongen.
Og nokon ting endrar seg visst aldri.
Rett nok er det høge straumprisar i Danmark.
Men kvifor må alltid Sarah Lund alltid springa rundt i mørket?
Aleina?
Med lommelykt?
Det lurer eg på ein mandags kveld.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar