torsdag 15. november 2012

Torsdag morgon frå Nydalen


    Foto Arve Norheim

Klokka 08.29 braut sola over åskammen.
Frå 7. etasje gjer eg meg klar til å rusla dei 17 minuttane opp til Nydalen.
Nesodden badar i sol.
Fargen på verda er dus og haustleg.
Storosenteret har fått på seg julestasen.
Og min gamle arbeidsplass i Sandkerveien 110 er jamna med jorda.

Nedbrekk, lineproducer, output, pink pages, pitch, sceduling, synopsis….
Nye begrep, men forståeleg.
I alle fall når eg får dei  forklart.
I morgon går turen heim att.
Til lesing, oppgåver og atter lesing.
Eg trur eg skal koma i mål.

I går tok eg ein sving nedom Oslo sentrum.
Det var overveldande.
Julestas i alle nyangsar:
Me skal visst handla for kr 10 000 kvar dette året.
So sa dei på fjernsynet i går.
Det er meir enn i fjor.
Jubel og glede!


Mest sannsynleg ligg eg langt, langt under denne summen.
Og fleire med meg.

No går turen til  Thai-restauranten rundt hjørna, ilag med han Arve.
Så skal me heim att og sjå Torsdag kveld fra Nydalen som dessert.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar