mandag 17. september 2012

Bjørkelauvsnø




Fekk ei kjensle av å køyra gjennom bjørkelauvsnø og masteskog då eg køyrde over Kvamskogen i går.
I Eikedalen  snødde det bjøkrelauv.
Og oppi liene trona kraftlinene.
I mengder.
Vekselstraum?  tenkte eg.
To liner går austover
og to liner går vestover.
Me kjem ALDRI til å verta tomme med alle disse linene.
«Bergen vil gå i svart»,  var omkvedet – og vips stod dei der.
Raudt og kvit stripa master.
Grøne master.
Svarte master.
Og altså – liner i alle retningar.

I Jondal er det kome ein ny tunnell.
Det er så flott!
Eg gler meg å køyra fjellvegen til Odda.
Kaffibesøk til Vaflebesto.
Lite bjørkelauv der inni fjellheimen
men likavel.
Det er så spanande.

Eg er i grunnen glad i bruer også, eg.
Sjølv om det er nødvendig å stoppa opp litt
og ta ferja.
Tenkte meg ei bru over fjorden litt lenger ute ein stad.
Heilt til eg kom på
at det fantastisk vakre Vikingnes  antageleg ville verta skadelidande i så måte.

Framsteg?
Hm.

Forresten så har eg vore på Lidl
og kjøpt meg dokumentmakulator
til kr. 80.
Ikkje feil det.

2 kommentarer:

  1. Du skriv bra du mor! Poetisk på eit vis. Kvardagspoesi, det er noko eg kan lika!

    SvarSlett