Eg er -
Eller eg trudde eg var det.
Gjennom skatten eg har betalt i heile mitt liv.
Så får eg høyra på den kjære radioen min,
at ein svært stor del nordmenn har teikna privat helseforsikring.
Ein kjempestor prosentdel av norske bedrifter
kjøper helseforsikring til sine tilsette.
Kva der det som skjer?
Forsikrar me forsikringa, på ein måte?
Er dette noko me absolutt treng?
Dette fører meg vidare til fenomenet tak over varmepumpa.
Er dette noko me absolutt treng?
Ein lur sunnmøring stansa ein dag utanfor døra.
På lasteplanet hadde han redningsstigar
OG tak til varmepumpa.
Jaha – brannstige såg me umiddelbart poenget med, der eg bur i 3 etage.
Men tak over varmepumpa??
Eg er ikkje heilt sikker.
Det er mykje me absolutt treng.
Og det er endå meir absolutt ikkje treng.
I morgon er det 17.mai.
Eg har ein bunad som eg fekk til konfirmasjonen.
Og det er endå meir absolutt ikkje treng.
I morgon er det 17.mai.
Eg har ein bunad som eg fekk til konfirmasjonen.
Den har krympa litt.
Eg har ein bunad eg har arva etter moster til mor mi.
Ho Hjørdis-moste.
Det er ei såkalla hydnetrøya.
Vinterbunad.
Eg har sylvbelte og sylgjer.
Eg har ein bunad eg har arva etter moster til mor mi.
Ho Hjørdis-moste.
Det er ei såkalla hydnetrøya.
Vinterbunad.
Eg har sylvbelte og sylgjer.
Eg har altså klesplagg og tilbehør
for fleirfoldige tusen.
Som eg omtrent ikkje brukar.
Som eg omtrent ikkje brukar.
Hydnetrøya mi er ganske sleten.
Det seier seg sjølv.
Moster til mor mi.
Mor mi ville vore 86 no, om ho levde..
I morgon skal eg jobba.
Det gjorde eg sist 17. mai også.
Og mest sannsynleg neste.
Det seier seg sjølv.
Moster til mor mi.
Mor mi ville vore 86 no, om ho levde..
I morgon skal eg jobba.
Det gjorde eg sist 17. mai også.
Og mest sannsynleg neste.
Eg har eit dilemma.
Skal eg investera i ny hydnetrøya?
Til endå fleire tusen?
Når eg omtrent aldri har anledning til å bruka den?
Er den forsikra?
Dersom eg investerer i ny
skal eg uansett forsikra meg om at den er forsikra.
Skal eg investera i ny hydnetrøya?
Til endå fleire tusen?
Når eg omtrent aldri har anledning til å bruka den?
Er den forsikra?
Dersom eg investerer i ny
skal eg uansett forsikra meg om at den er forsikra.

Moralen e: For aa vera sikker paa aa ve paa dan sikra sio e da best aa forsikra forsikringa slek at ein kan ve sikker paa at forsikringa e sikker om ulokko sko ve ute.
SvarSlett