fredag 4. mai 2012

Eg kjende han ikkje



men eg  vart oppriktig lei meg av nyheita om at Alexander Dale Oen var gått bort.
Midt i alle historiane frå Utøya.
Midt i ei verd full av uforståelege overgrep.
Der stod eg
 i Paradis (eigedomen til  Thomas på Askøy)
med plenklippar og radioen på øyrene
og grein.

Eg har vore ein symjar sidan eg var 7 år.
På mange plan.
Har til og med vore heilt til Stavanger på symjestemne!
Men det var Voss og Bergen som var arenaene me konkurrerte på.
Alltid slått av Dordi Henriksen og Nina Schei.
(Lurer på kor dei er i verda?)
Og når ein person som Dale Oen
som var så til dei  grader  frisk og sprek
og kjekk
berre sluttar å leva så brått.
Det er heilt ufatteleg.

Det er så mykje som er ufatteleg.
Og det kan me ikkje bruka så mykje tid på.
Kan fort verta ein lammande tilstand.


Då gjeld det å finna sider ved livet som tek tak i ein og dyttar oss i rett retning.
Framover!

I dag var det ei lenkje på facebook-tavla til ho Turid
Ein vaksen kar med eit fantastisk komplement  til alle oss damer.
Sjekketriks?
Kanskje det – men her gjeld det å læra seg å ta det som eit komplement
og sei; «Tusen takk! Dette skal eg ta med meg inn i helga»


No skal eg til tannlegen og fiksa litt på fasaden.
God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar