mandag 16. april 2012

"Jeg velger meg april"


I disse dagar trengst det verkeleg å halda fokus.
Halda fokus på det som er positivt i livet.
Fokusera på det som er positivt i samfunnet.

Det er sol ute.
Kjølig men solfyllt.
Snøen ligg framleis på toppane.

Det er april:
«Jeg velger meg april»
Av ulike årsaker.
Den fyrste sonen vår vart fødd i april.
Det var planen at han skulle koma til oss den 2. april.
Han kom den 14.
Det var det året Arild Andersen hadde tingingsverket  på Vossajazz:
Sagn.
Det var den 9. april.
Faren i vår vesle familie, ville ikkje at eg skulle reisa til Voss,
sjølv om me begge var overbeviste om at dette barnet aldri ville koma ut.
Me kalla han Godot.
«Mens vi venter på Godot»

Konserten vart teken opp av NRK.
Av min gode ven Per.
Eg hadde ein mono kassettspelar
og tok opp konserten då den vart sendt på radio den 11. eller 12. april.
Fredag den 13. bestemte guten seg for å starta på turen ut i verda.
Då hadde me fora han med både tingingsverk og Blues Brothers.
Det siste har gjeve han varige mein når det kjem til bilkøyring.

Den 14. var han hjå oss -
akkopangert av Sagn.
Frå ein mono kassett.

 


 «Jeg velger meg april»
Det spirer og gror.
Eg vart sjølv fødd i april.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar