torsdag 5. april 2012

Ben Kingsley














Egentlig heiter han Krishna Pandit Bhanji
Han fekk sitt store gjennombrot i rolla som Mahatma Gandhi i 1982 og vann då  Oscar for beste mannlege hovedrolle. 

Eg såg filmen i Singapore i 1983.
I mine flagrande gevantar frå India.
Eg var aldeles fjetra av personen Ghandi, og gjekk direkte til næraste bokhandel for å metta svolten etter kunnskap.

Når eg no ser mannen, ser eg ein blanding av Ghandi og Poirot.
Morsomt.
Han har hatt ei mengde roller han Ben Kingsley – no sist som George Méliès i filmen Hugo.
Ein fasinerande film, kor både Kingsley og hovudrolleinnehavaren
Asa Butterfield gjorde eit sterkt inntrykk.

Men Ghandi set som spikra.
Kingsley hadde både skodespelarprestasjonane til å gjenskapa orginalen,
i tillegg til ei slåande likheit.

«An eye for an eye, makes the whole world go blind».

Då eg i min pure ungdom var på reise, vart eg svært fasinert av kor enkelt ein kan leva.
Kor lite ein treng.
Og til det ein treng, kan ein klara seg med mini utgåva.
Det heng att.
Du finn mange pitte små «dingsar» heime hjå meg.

Men du finn også rett og slett mange «dingsar» heime hjå meg.
Eg lever ikkje nett minimalistisk.
Men det eg har – kostar lite.
Heilt til no.
Eg måtte kjøpa meg ny komfyr.
Og jammen vart den NY-ny og ikkje BRUKT-ny.
Hjelpe meg.
Eg er heilt skjelven.
Vaskar, tørkar og gnukkar og gnir på den heile tida.
Og den eg hadde var jo ny den også.
Trudde eg.
Kjøpt i år 2000.
Men den såg heilt ny ut.
Til og med platene såg heilt nye ut.
Eg nemnde for dei som leverte den nye komfyren min, at eg no trudde at eg hadde komfyr resten av livet.
Og dei stussa då dei gjekk; «hadde eg ikkje tenkt å leva lenger enn det?»

Kor lang levetid har eigentleg ein komfyr?
For ikkje å snakka om eit kjøleskap, vaskemaskin og oppvaskmaskin.


Av og til skulle eg ynskja eg var meir som Ghandi
Han ville ikkje ha personlege ting, han åt enkel kost og gjekk berre med eit enkelt tøystykke på seg, vevd av tråd han sjølv hadde spunne. 
Han eigde ikkje mykje meir enn ei seng, rokken han spann tråd på og et par briller.

Vart ikkje mange uføresedde utgifter av det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar