onsdag 22. februar 2012

Meir fokus


Så var det dette med å fokusera då.
Me er så ulike der.
Kva me vel å folkusera på, meinar eg.


For ei lita tid tilbake, var eg så heldig å læra noko heilt nytt.
Eg likar å læra noko nytt.
Dette nye gjekk ut på å utføra eit salg
og benytta eit dataprogram eg ikkje hadde vore borti før
for å gjennomføra salet.
Tilfeldigvis vart eg overleten til meg sjølv
og der stod fyrste kunde!
Jaja tenkte eg – her er det berre å hoppa i det.
Men for å sikra meg litt,
førebudde eg kunden på at det kunne koma til å ta litt meir tid enn normalt.
Oppgåva løyste seg over all forventning,
og eg kommenterte gledestrålande; dette gjekk jo ganske flott!
Noko kunden repliserte med; Ja, men eg håpar det går raskare neste gong.........

Me vel å fokusera – gjer me ikkje?
Og kven tener på å fokusera på det positive?
Jau – du og eg og alle rundt oss.
Lett reknestykke.

Likevel kan eit slikt kunststykke vera vanskeleg.
Somme tider kan det vera vanskeleg å få auga på
det positive i skuggen av det negative.
Somme tider dukkar det opp kjeppar i hjula der ein minst anar det.
Som eg mange gonger har tenkt; livet er ikkje for amatørar.

Mitt personlege prosjekt er difor
  1. korleis møter eg positivitet når eg sjølv er midt inni skoddo?
  2. korleis skal eg takla andre som tydelegvis er der?

Og no skal eitt av fire versjonar av Skrik seljast for 80 mill dollar.
Som sagt, livet er ikkje for amatørar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar