søndag 5. februar 2012

Om å vandra med truger

        Foto: Ingvild Raustøl

Ein dag ringde syster mi for å fortelja nyhende frå austfronten.
Ho bur i Østfold.
Ho ville fortelja meg om hennar tur til hytta i Aust-Agder.
På nye truger.
I beste Sverre M Fjeldstad-stil, la dei optimistisk avgårde.
Ho og mannen hennar.
Så lenge det vara.
Dei vart meir og meir undrande til
kor skrekkeleg vanskeleg dette skulle visa seg å vera.
Trugene gjekk i alle retningar.
Framenden ville helst ned i snøen
i staden for å flyta oppå.
Syster mi fann seg sjølv
baksande i snøen gong på gong.
Mannen hennar sleit med tilsvarande problem.
Og det heile vart etterkvart ufatteleg komisk.
Til slutt kunne dei knapt stå oppreist av latter!

Løysinga let heldigvis ikkje venta lenge på seg;
dei hadde sett  trugene på seg bak-fram!!
Og etter denne revolusjonerande oppdaginga
gjekk resten av turen mykje betre.

Det hender at det kjennest både vanskeleg og tungt å koma seg opp og fram.
Det hender at føtene liksom ikkje vil flytta seg.
Det hender at hovudet er så fullt, at ein ikkje riktig greier å orientera seg.
Det hender at det kjennest ut som om fokus er montert bak-fram.

Då kan ei løysing vera å setja fokus andre vegen.
Helst etter å ha ledd seg skakk
av all kavinga i alle retningar.

1 kommentar: