onsdag 4. januar 2012

Polferder


Eg har alltid vore oppteken av polferder.
Av Nord-aust passajen og nord-vest passasjen.
Av Nansen og Amundsen
- og ikkje minst  Johansen.
Eg har lese mykje, men på langt nær nok.

Men eg har ikkje så ofte lete meg fasinera av tøffe karar og damer
som i vår tid
på død og liv skal gå aleina her og der i øydemarka.
Og sigla jorda rundt.
Men her finst det unntak.
No sist eit gledeleg unntak.
I går.
Og dei var to ilag:
Rune Gjeldnes og Cecilie Skog!
Noko så sympatisk!
For nokon  personlegheiter.
For ein tur!
For nokon auger.

Dersom nokon kjem til meg og påstår at ein av disse to er eit rævhol,
vil eg koma til å nekta!
Iherdig!!
Eg har aldri truffe dei – men dei fekk sjela mi i går.
Via tv-skjermen min – som eg forresten har arva av mor mi.
Dei nådde ikkje målet sitt.
Canada – Nordpolen på sommarstid.
Dei skratta av våte sokkar.
Det kom nokre gloser når kanoar ikkje lydde kommandoar
Dei bada i isen, og innrømma at det var kaldt (men deilig)
Dei fekk til å le og smila av det meste
(medan kamera gjekk, vel å merka)
Dei fekk til å formidla turen som ein tur
og ikkje noko «godkarstykkje»

Dei måtte snu.
Tøfft val, men likevel med eit smil
No var turen prøvd – no var dei klare for noko anna
Takk Rune Gjeldnes og Cecilie Skog!
De gjorde meg glad!
Eg er blodfan!

Permen med betalte rekningar for 2011 var akkurat så full som den kunne bli.
No er den tømd og klar for 2012.
Vil den vera stor nok dette året også, tru?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar