lørdag 7. januar 2012

Fyrste stopp på ei kulinarisk reise saman med Øyvind og Tina Marie

Retten heiter Svalbardtorsk med grønne erter og hummer.
Her vert det ein liten Askøy-vri;  Askøy torsk med grønne erter og sjøkreps.

Kjærasten er ein flink kokk.
Han fekk  kokeboka «Arktiske fristelser» av meg til jul.
Eit så nært egoistisk foretak som mogeleg,  innanfor mine moralske grenser.
Eg gler meg til ei kulinarisk-reise  Svalbard rundt,  saman med han.

Fyrste stopp var altså retten Svalbardtorsk med grønne erter og hummer.
Fyrste «feil» - vår torsk var skinnfri.
Ande «feil» - me hadde kjøpt for lite selskapserter.
Heldigvis.
Halparten skulle mosast til saus.
Og resten som eigentleg altså skulle vera like mykje, men no vart mykje mindre,
skulle skrellast!
Av meg.


Filmen  «Tre nøtter til Askepott» flimra forbi på mitt indre lerret, medan det stod på.
Ein annan tanke sneik seg innimellom bilda av Askepott;
korleis løyser dei dette, om retten t.d. skal serverast til 70 gjester?



Tredje «feil» - me har ikkje stavmiksar. Me får ta det me har - sjølv om sausen vert litt minde fluffy.

Fjerde  «feil»  - me har ikkje pastamaskin.
Men med ferdige  lasangne-plater, var me på god veg.


Miks og triks og steik og skrell.
Litt ulikt bildet i boka...
Men voila!

Det smaka nydeleg!



Kvelden vart avslutta med ein gamal video.
Ein VHS
«The Straight Story»
Den minna meg om nok eit par triks på vegen vidare i livet;
- oversjå småting
- sjå gleda i at ting tek tid



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar