mandag 2. januar 2012

Det er i ferd med å verta tomt att

Dette må eg berre venna meg til
At det yrer og vrimlar – for så å verta heilt tomt
Det har vore ei jul med huset fullt av folk
Så fullt det kan verta i mitt vesle husvære
Mykje logistikk-arbeid
Den eine skulle hit og den andre skulle dit
Og så kom den tredje på besøk – og jammen kom ikkje den fjerde også




No er det radioen og meg att
Timeplanen er fullstendig blank
Eg kjenner at kroppen er litt «nummen»
Eg er litt skjelven og rar
Hjarta bankar litt høgare og hardare enn normalt
Eg kjenner den same kjensla  eg hadde då eg skulle til tannlegen som liten
«Kva er det som ventar meg»?
Litt nervøs og spent på ein gong



På veggen på kjøken, heng julehelsingane eg har fått dette året
Det er ei stor gleda  få helsingar
På papir
Sendt med posten
Frå fjern og nær
Nokre av dei  så pass inspirerande at dei fortener eit svar
På papir
Sendt med posten

Eg er rett og slett så glad i å skriva
at det eigentleg var det eg skulle dreve med på fulltid










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar