Som dei fleste no må ha merka, går det ikkje ein dag utan at det vert snakka om pensjonen vår.
Om at dei som er så heldige å ha ein jobb, må jobba lengst mogeleg , mange fleire år enn t.d. foreldra, for å oppnå den same pensjonen som dei.
Om at me kan gå inn her og der og sjekka kor mykje me kjem til å få.
At me må gjera noko med det, om me ikkje alt har gjort det.
Det hastar!

Så her ein morgon, det var sist søndag, høyrde eg den forløysande meldinga på radioen.
Eureka! tenkte eg.
Eller……
Det var snakk om ei ny pensjonsreform.
Igjen.
Det var ein stolt NAV-direktør (beklagar om tittelen her er feil)
som uttala seg på radioen min.
Og det flotte denne gongen var fylgjande;
Ein kunne t.d. sitja på ein fjern fjellgard
klokka 23.00 den 19.
Så kunne ein fylla ut eit skjema som ein finn (?) på nettsidene til NAV.
Om litt (kor lenge vart ikkje sagt) ville ein motta eit vedtak.
Og her kjem gullegget -
Eit vedtak URØRT AV MENNESKEHENDER!
Og den 20. var pengane på konto.
Juhuuuuuuuuuuu!
Dette er jo fantastisk!
Eg er over meg av beundring for nye og flotte system der me kan utføra det mest nødvendige på ein slik effektiv måte.
Håpar inntektene frå det nye oljefunnet utanfor Hammerfest
gjer dette framleis mogeleg når det er min tur.
At det framleis er litt pensjon att.
Har ikkje rekna på det, men trur eg må vera i arbeid til eg er ca 100 for å oppnå noko meir enn minstepensjon.
Som overrennskostar kan dette verta ei spanande framtid.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar