Eg har nett lese ei bok
Det heiter ArvenEg likte den godt
Ein arv kan vera så mykje.
Eit koppasett med bilde av alle slott i Norge trykkt på.
Ljosetakar.
Ein kan arva stemma, kroppsbygnad, hoftefeil, interesser, eit hus, ein bil, bøker osb osb
Eit koppasett med bilde av alle slott i Norge trykkt på.
Ljosetakar.
Ein kan arva stemma, kroppsbygnad, hoftefeil, interesser, eit hus, ein bil, bøker osb osb
Den fyrste bilen me hadde i vår familie var ei svart folkevogn.
Boble.
Den hadde delt bakrute.
«Svaget» heitte den
Far min eigde den saman med far sin og bror sin.
Boble.
Den hadde delt bakrute.
«Svaget» heitte den
Far min eigde den saman med far sin og bror sin.
Me køyrde ofte på søndagstur med «Svaget».
Mammo og pappen framme.
Fire syskjen i baksetet.
Og heilt bak, bak baksetet, sat eg.
På ein liten, raud krakk.
Mammo og pappen framme.
Fire syskjen i baksetet.
Og heilt bak, bak baksetet, sat eg.
På ein liten, raud krakk.
Denne krakken fekk eg av den eldste bror min.
Han laga den til meg på sløyden.
Eg hugsar framleis kor glad eg vart for den!
Ein søndag me var på tur, skulle mammo lære-køyra.
Det var oppi Steinsdalen, ved fossen.
Trur ikkje me var alle borna med då, men det hugsar eg ikkje.
Mor mi sette seg til rattet og starta opp.
Og før me visste ordet av det, var ho på full fart på veg opp på handelslagstrappa.
Men før ho nådde så langt, skvatt det tre prestkledde menn til alle kantar!
Det må ha vore litt av eit syn!

Då me pakka ned huset til mor mi og far min sist påske, fann eg den vesle raude krakken.
Eg fann også ein liten hjartforma krakk;
Den fekk eg av den andre bror min.
Han laga den til meg på sløyden.
Eg tok med meg begge krakkane heim.
No står dei her.
Kanskje sønene mine kan arva ein kvar, ein vakker dag.

Mitt håp er at dei er fornøygde med arven den dagen dei set med ansvaret for den.
Slik eg er det!
Både krakkane, krykkjene, personlegheita, interessene, bøkene, lp’ane og alt det andre.
Slik eg er det!
Både krakkane, krykkjene, personlegheita, interessene, bøkene, lp’ane og alt det andre.
Må nemnast at mor mi køyrde opp og fekk bil-sertifikat rett før ho fyllte 60.
Ho trong 99 køyretimar.
Ho køyrde sin eigen bil, Honda Civic, i mange, mange år etter det.
Ho trong 99 køyretimar.
Ho køyrde sin eigen bil, Honda Civic, i mange, mange år etter det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar