«Her går det som hakka møkk» fortalde eg sønene ved frukostbordet ein morgon.
«Kvifor i hulaste går dette hakka møkk så godt»? repliserte son nr 2.
Det har eg ikkje filosofert over.
Kva var det som gjorde hakka møkk til ei «hot» salsvare ein gong i historien?
Vart møkka turka og hakka opp og brukt som brensel?
Alternativt som isolasjon eller tettingsmiddel i hus?
Var det eit ettertraktra gjødselsprodukt?

Her kan det vera mange gode forklaringar.
I dag er eg gallerivakt.
Det er behageleg og roleg.
Her går ikkje salet som hakka møkk.
Ikkje i dag i alle fall.
Kanskje like greitt at det ikkje er eit samanlikningsgrunnlag?
Men det kunne vore fint at salet gjekk som varmt kveitebrød for eksempel?
Kanskje like greitt at det ikkje er eit samanlikningsgrunnlag?
Men det kunne vore fint at salet gjekk som varmt kveitebrød for eksempel?
Det regnar ute.
Verdama på radioen har lova oss nokre turre dagar.
Den som lever får sjå.
Med nokre kuldegrader no
- då vert det mykje som vert spanande.
Men det var dette hakka møkk,
varmt møkk evt hakka kveitebrød
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar