torsdag 22. desember 2011

Hei hå nå er det jul igjen – igjen



Eg ventar son nr 2 heim
Son nr 1 og eg har vore på handel og tenkt litt fram
Handla litt i forkant av handlekøen
Eg har sendt av gårde jobbsøknad nr 4
og tippa Extra
Son nr 1 tek bilen for å ta turen til Bergen
Han skal handla litt, treffa ein kompis og henta son nr 2 på Flesland
Eg tuslar rundt med krykkja mi og tørkar støv og ryddar
Men denne lukten
Litt rar og ubestemmeleg lukt
Eg luktar meg rundt, men greier ikkje finna kjelda
Jobbar meg difor rundt i huset, før eg skal ha meg ei velfortent skjeva

Med sjokk og hjartebank og tårer i augo oppdagar eg kor lukten kjem frå
Kjøleskapet!
Når eg opnar døra, er der ein temperatur der  inne som knapt kan minna om kaldegrader
Det som slår imot meg når eg opnar døra, minnar meir om ein lett lunk

Frysen, tenkjer eg!
Men der ser det bra ut. Lettare opptint
– men framleis i ein tilstand av at det kan leggjast i frysen i kjellaren
Her er det berre å finna fram ryggsekk og krykkjer og byrja å bæra

Når klokka er kvart over 2 er eg klar for å ta den skjeva eg hadde tenkt klokka 12.
Eit stort krus te og skjeva og www.finn.no
Er det eit kjøleskap tilgjengeleg der ute?
Eit som kan hentast i og rundt Bergen OG går inn i Berlingoen

Mange kjøleskap og kombiskap er tilgjengelege.
I mange tilstandar og prisklassar.
Så etter nokre telefonar er valet teke og avtale gjort
Og det beste av alt – i morgon kjem det ein kjærast innom på veg austover
med skapet bak i ein litt større varebil enn Berlingoen!
Er det noko problem?

Kva blir det neste?
Gevinst i Extra eller jobb?
Eg har ein klar favoritt!


1 kommentar: