søndag 13. november 2011

Månen har vore på fylla igjen



Eg skal få ny hofte
Eg visste det ville koma
Før eller sidan
Men eg hadde no slett ikkje tenkt  at det skulle koma før?

Det eg har mest angst for, er smertene
Og det som kan koma etterpå
Eg veit kva eg har, men ikkje kva eg får

Men eg har bestemt meg for at denne operasjonen fører med seg utvida virkeområde
Eg reknar med at eg innan neste år er omme, instruerer igjen
I Rytme og avspenning.
Eg spring rundt som eg alltid har gjort.
Eg vil vera med!!
Eg vil ha det kjekkt!
Lenge!

Eg likar å ha det kjekkt
Eg har mange eigenskapar
Eg veit kva eg kan
Og eg veit også kva eg ikkje kan
Eg har prøvd det mest utrulege når det gjeld yrke
Frå båtbyggjar til butikkdama
Frå lærar til gatekjøkken-ekspeditør

Som sagt
eg veit kva eg kan.
Og eg veit kva eg ikkje kan.
Kvifor prøver likevel nokon, sikkert i beste meining,
å ileggja meg eigenskapar eg slett ikkje har?
Kvifor vil dei absolutt fortelja meg kva eg bør driva med?
Eg er 51 år.
Eg har utruleg mykje erfaring innan utruleg mange felt.
Likevel kjem det folk og fortel meg kva eg bør driva med.
Er det berre meg – eller er det andre som opplever dette fenomenet?
Eg berre spør.

Endeleg her ein dag
kom det ei kjekke dame til meg og fortalde meg det eg helst vil høyra:
Eg er best på det eg driv med når eg driv på med det eg likar best!
Takk!

Månen har vore på fylla igjen.
Thomas fekk dokumentert  han i gjerningsøyeblikket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar