tirsdag 22. november 2011

Dei grønkledde


No er det gjort.
Eg har fått ny hofte.
Den er av titan.

Klokka er ca 05.00
Det er tid for å diverse målingar.
Temparatur og blodtrykk.
Inntak av diverse pillar.
Leidningar og slangar skal inn både her og der.

Eg vert trilla avgårde.
Ut i gangen
og heisen ned nokre etasjar.
Avdelinga for dei grønkledde.
Eg overgir meg fullstendig.

Operatøren kjem forbi.
Me helser.
Han har grunnleggjande kunnskap i trebåtbyggjing
frå Båtbyggjarskulen i Jondal,
Det gjer at eg føler meg trygg når eg forsvinn inn i søvnen.

Eg vaknar opp att til i den nydelegaste kveldinga ein kan tenkja seg.
Himmelen står i brann
og langs etter fjellkammen, ligg eit lag med skodda.

Hagavik er ein vakker stad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar