Eg har ein gamal bil.
Det er den andre bilen eg har eigd i heile mitt 51 årige liv.
Den fyrste var ein grøn Volvo 144 som fekk namnet Gustav.
Denne heiter berre Berlingoen.
Bilen min og eg har kome i reparasjonsalderen.
Meg er det heldigvis eit offentleg helsevesen som tek seg av.
Meg er det heldigvis eit offentleg helsevesen som tek seg av.
Det er verre med Berlingoen.
Den er i aller høgste grad prisgitt eit privat føretak.
Og dette føretaket har ein litt ustabil økonomi for tida.
Foretaket hadde rekna med ei vesentleg endring i investeingsgrunnlaget
som fylgje av sal av eigedom.
Men salet dreg ut i tid, noko som har forårsaka ein aldri så liten budsjettsprekk.
Så no har føretaket vurdert refinansiering av lån
og investeing i Norsk Tipping.
Det er ofte dyrt å vera fattig – vert det sagt.
Eg trur likevel at med ein nyare bil, føl det vesentleg høgare utgifter både til forsikring, reparasjonar, dekk osb osb.
Eg held meg til ein ”billeg” gamal ein, eg.
I alle fall til investeringane i Norsk Tipping gjev avkasting………………
Eg har og ein gamal bil, og eg kan ikkje eingong køyra den :)
SvarSlettAG
Kan ikkje?
SvarSlettEller vil ikkje?