torsdag 8. desember 2011

Det er kvitt ute.



Det er så reint og deilig.
Og her set eg.
Inne.
Med krykkjene mine og adventsstake på bordet.
Eg har broddar,
men med ny hofta innanbords tek eg ingen sjangsar på ei vandring uti snøen  utan fylgje.
Fylgje mitt kjem att i dag.
Han er ein sjeldan mann.
Ikkje at han er skjeldan her.
Tvert om, han har faktisk høve til å vera her med meg.
Kva kan eg seia?
Utan han hadde det aldri gått bra å koma rett heim etter å ha fått hofteprotese.

Det går framover.
Eg ruslar att og fram i heimen.
Opp på loftet.
Ned att.
Gjer øvelsane mine.
Putlar på.

Så er det radioen då.
Den velsigna radioen.
Morgonsending med ho Siv og han Anders.
Dei er dei beste!
Og når dei ynskjer oss ein kjekke dag,  stiller eg søkjaren på P2
fram til det snakkar samisk i 2 tida
(er ikkje så stø i samisk)

Det vert ikkje så mykje lesing av dette.
Men eg har fått tørka av alle dei gamle ljosbileta mine.
Frå reiser 1980 – 1983.
Eg har skreve julebrev.
Både på engelsk og norsk.
Så no er det berre å venta på svar.

Det brenn i omnen
Me kjem til å produsera meir kraft enn me ha bruk for her i landet, seier dei på radioen.
Lurer på om eksporten av denne straumen skal gå i sjøkabel?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar