torsdag 15. september 2011

På kyrkjegarden



I dag var eg på kyrkjegarden.
Den ligg i tilknyting til Vikøy kyrkje, ein liten sykkeltur heimefrå.
Eg skulle ut og sjå på gravsteinen på grava til foreldra mine.
Steinen har vore på reise. Den har fått på begge namna.
Far min sitt stod på frå før. Og no er mor mi sitt kome på også.
Det er ein eigen ro på kyrkjegarden.
Eg vert fylt med ei slags æra, på ein måte.
Eg må alltid rusla rundt og kikka på gravsteinane.
Nokre er skikkeleg gamle, og ein kan knapt sjå kva som står der.
Nokre er nye og moderne med bilde av den som ligg i grava.
Nokre er naturstein og andre er svært så forseggjort.
Mange nye namn dukkar opp – eg får liksom litt oversikt på korleis stoda er i bygda mi,
når det kjem til kven som lever og kven som er død.
Det er også gode høve til å læra om slektene til folk.

Naturleg nok, tenkjer eg også på min eigen stein når eg ruslar rundt der.
Kvar kjem den til å stå? Korleis kjem den til å sjå ut?
Kan eg vera medbestemmande til korleis den skal sjå ut?
Eg vil gjerne ha ein stein som ikkje er bearbeidd i det heile.
Kanskje ein eg til og med har funne sjølv.

Eg er særdeles oppteken av steinar.
Bordkorta i brudlaupet vårt, var steinar med namn på.
Når eg vil gje noko fint til nokon, gjer eg dei ein lommestein.
Ein mjuk og god stein som er god å halda på nedi lomma.
Dei fleste som har fått ein lommestein av meg, vert glade for den.
Eg plukkar alltid med meg ein stein når eg er på reise.
I sommar plukka eg stein på stranda i Helle ved Kragerø,  i Kringstadbukta i Molde og på Atlanterhavsvegen.

Eg plukka ein gong med meg ein diger, rund stein frå ei strand på Jæren.
Det er ikkje lov, har eg seinare lært.
Ikkje løye folk såg rart på oss to som kom bærande på kvar vår digre stein.
Den ligg oppå omnen i stova mi. Der ligg den godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar