søndag 18. september 2011

Der er ikkje alt eg har lyst å veta


Det er ikkje alt eg har lyst å veta om andre
Og det er heller ikkje alt andre treng å veta om meg.
Dette er noko me godt kan tenkja litt over.
Korleis møter me våre medmenneske?

Kva er med denne  evindelige ”korleis har du det?” helsinga.
Eg seier det eg også.
Men du skal vera litt førebudd og har god tid
 – om du då treff eit medmenneske
som kanskje ikkje har det så bra
og som har eit delingsbehov.

Med å bruka helsinga

- korleis har du det -
kan me også risikera å havna i den situasjonen eg opplevde i USA
då vertinna helsa "how are you doing" då eg kom ned til frukost.
Eg svara som sant var akkurat den dagen; "not to good"
- og ho i same andedrag repliserte "oh great!"

Det same gjeld også når spørsmålet vert stilt til andre vegen.
“Korleis har du det?”
Eg har jo sjølvsagt mest lyst å alltid seia; "jau takk, berre bra".
Og det er jo som oftast rett svar.
Men har eg eigentleg ei plikt til å informera omverda om korleis eg har det?

Sist det spørsmålet vart stilt meg, svara eg;
“Jau – no skal eg av gårde å handla på gardsbutikken”.
Det syns eg var eit godt svar.

Eg tenkjer ofte på korleis me møter folk.
Korleis me møter kollegaer:
Når ein kollega for eksempel fortel deg at han/ho har tenkt å slutta.
Kanskje denne kollegaen då helst vil høyra;
"Kva i all verda skal me gjera her utan deg?"
“Kva kan me gjera for å behalda deg?”
Gjerne kombinert med eit smil!
Men det dei fleste får høyra
- er ingenting.
Stillinga vert lyst ut – og det var det.

No er det tid å gå ut i verda å møta medmenneske.
Trur eg skal møta dei med eit heilt vanleg ”hei!”
“Så kjekkt å sjå deg.”

1 kommentar: