tirsdag 27. september 2011

Eg likar mørket, eg



Eg kan ikkje hjelpa for det
men eg likar mørket
Eg elskar å få kveikja ljos
Vera inne og kveikja ljos
medan mørket pakkar inn verda

No er det definitivt tid for mørket igjen
Og det er ikkje snev av haustdepresjon å  skimta
Tvert imot  - har både trua og håpet

I mørket ser me fullmånen betre
Spesielt når det ikkje er overskya
Stjernene ser me  - heile melkeveien ser me
Snakk om å få lyst opp tilværelsen!

Då sønene var noko mindre, fekk eg vera med dei på kino for å sjå Harry Potter
Karakteren kalla Humlesnurr var ein bra kar.

I ein av filmane sa han;
"Happiness can be found, even in the darkest of times, if one only remembers to turn on the light."

Nett så er det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar