lørdag 6. august 2011

Heim att

Alt har ein ende
Så har Moldejazzen
I alle fall for dette året
I tradisjonen tru, sala me på NRK buss TR-23
Per og eg
Det er eit av høgdepunkta på det som er blitt ein tradisjon for meg
Åndalsnes, Romsdalen, Valdresflya
Auremiddag ved Lemonsjøen
Golsfjellet
Overnatting ein eller annan stad på vegen
Tankane flyg
Tida flyg
Naturen flyg forbi
Ville fjellformasjonar, strie elver, gamle bruer, vide vidder
Eg vert aldri lei av denne turen

På Geilo var Thomas
Han kom og henta meg
Thomas, kjærasten min,  hadde tinga overnatting
i Ulvik
På Brakanes hotell
Stille stille låg fjorden då me gjekk inn i natta
frå balkongen utanfor rommet vårt


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar