lørdag 30. juli 2011

Det small

I Oslo small det
Me var på Hjertøya – gode folk saman om øl og mat og prat
Det var kaldt
Ein av oss vart oppringt og gjekk rett på nett på ein av sine utallige gadgets
Og der såg me det
Heilt utanfor einkvar forstand
Og me trudde sjølvsagt som alle andre, at no var det vår tur
Mykje snakk
Me tok båten heim att
Eg ringde sønene mine
Det regna
Det striregna
I fotsid regnkappe, sykla eg opp til Romsdalsmuséet
Eg fekk og sende meldigar frå og til aust og vest
Der oppe kom nyheita om Utøya
Vanskeleg å gleda seg over ein veldig bra konsert der og då
Eg tusla ned att – og det slo meg kor tett me stod og kor vanskeleg det var å koma seg ut
Tre gode vener – to flasker god vin
Det vart natt den kvelden også

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar