Me snakkar om veret
Kvar dag snakkar me om veret
Ikkje fordi det er så bra
Heller ikkje fordi det er så dårlig
Men fordi det ikkje stemmer med vervarslinga
Idag for eksempel, gledde eg meg til ein dag i sola
Vakna av lyden av sterk vind og blest
Tenkte - me får setja oss på nedsida, då
Men her var det ein tilleggslyd
Den umiskjennelege lyden av
ja nettopp - regn
Så koseleg - men det stod sol på vervarslinga igår?
Jaja, her på søraust-landet går slikt fort over
Me får bryggja oss noko te og løysa litt kryssord mens me ventar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar