lørdag 9. juli 2011

Utedoen til Randi og Leif


Utedoen til Randi og Leif har eit bitte lite vepsebol i taket
Vepsen har flytta ut
Bolet heng att
Eg kikkar på det kvar gong eg er der

Her kan me gå på do med ope dør
Med utsikt rett ut i naturen
Utedoen til Randi og Leif har same effekt på sjela som kva yogasenter som helst
Og det er heilt gratis
Det er heller ikkje så langt unna
Omlag 45 sekundar å gå frå stova
Der står det  “Kan man vara glad åt lite
har man mycket att vara glad åt”

Me lever i eit land med høg standard
Det er ikkje mange hyttene att med utedo
For ikkje å snakka om hus
Då eg tok utdanning i Bø, budde eg i eit hus med utedo
Det var faktisk heilt greitt
Litt kaldt om vinteren
Guten min måtte ha på vinterdress når eg skulle på do
Kunne ikkje la han vera att aleina inne
Og dusja gjorde eg på skulen
Det var heilt greitt
For meg
Mange av mine medstudentar tykte eg skulle få meg noko anna
Noko meir moderne og nærare sentrum
Det tykte ikkje eg

På veg hit køyrde eg forbi mitt gamle hus i Bø
No hadde dei bygd på 
I påbygget finn ein nok ganske sikkert eit baderom
med toalett og dusj og kanskje badekar
Det er heilt greitt
Badekar har også ein meditativ effekt
På meg













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar