søndag 17. juli 2011

If you love somebody- set them free

If you love somebody, set them free – syng Sting
Har tenkt mykje på det der
i ulike situasjonar i livet
og kome fram til at han har rett, den gode Sting
Men det er ikkje lett

No er turen komen til sønene mine
Det vil sei – den siste av dei to
No reiser han også
ut i verda
Og det er sjølvsagt heilt greitt

Eg tenkte då eldstemann drog, at eg ville slutta å vera så redd for han
når han var ute av syne
Det var berre delvis sant
Om dei er under havflata, høgt til fjells, i stor fart på amerikanske high-way'ar,
på Jamaica ved unntakstilstand, når dei er for opptekne til å svara på tekst-meldingar
Det er ikkje lett å lata vera å uroa seg
Men det kjem seg med trening

Eg får god tid til å tenkja no
God tid til å bekymra meg
Men som han ein gong sa, han Ingvard Wilhelmsen
«Kor mykje skal du liggja vaken å bekymra deg når du ikkje kan gjera noko likevel?
Og dersom noko så skjer, er du fullstendig utsleten»

If you love someone










1 kommentar:

  1. Eg likar biletet du har lagt ut av oss. Bra skrive var det og

    SvarSlett