torsdag 21. juli 2011

Over 50 og frivillig funksjonær på Moldejazz


Flyet flyg rett over dei spissa Romsdalsalpane og siktar seg inn på den smale flystripa på Molde flyplass Årø
Så er me her igjen. Kjende fjes på flyet. Kjende fjes i den vesle ankomsthallen.
Kjende fjes på bussen inn til sentrum.
I 3.etg på Alexandra hotell finn me festivalkontoret, kor det herskar hektisk aktivitet.
“Der er du! Så fint å sjå deg att! Det er ikkje festival før du er komen”
Det er Wenche som kjem inn døra og gjer meg ein god klem. Og fleire med henne.
Eg kjenner ei varm og god kjensle i magen. Den bitte vesle tvilen om eg skulle oppover dette året, forsvinn som dogg for sola. Eg er ein del av Moldejazzen – eller Molde International Jazzfestival, om du vil.
Fyrste gong eg inntok rosenes by, var i 1977. Då budde eg i telt på jazzcampen, og var for ung til å koma inn på klubb-arrangementa. No er eg gamal nok har avansert til eit rom på studentbustaden Rimo.

Funksjonær
Oppgåva eg har fått tildelt, er frukostvert.
Ein jobb eg skal dela med Mona. Me tek kvar vår dag.
Opp 07.15 – og frukosten er klar kl 08.00
Kaffi, te, skjever, ost, skinke osb.
Ljos på borda.
Det er ei stor glede å få gjera morgonen hyggjeleg for frukostgjestene på Rimo.

Sykkel

Eg har fått låna meg sykkel.
Ein akkurat passe damesykkel med 7 gir.
Det er berre å sala på å koma seg avgårde.
Fyrste tur går til Kringstadbukta eit lite stykke utanfor byen.
Forbi Aker Stadion, Moldebadet og Bjørnsonhuset.
Forbi Jazzcampen, kor dei få telta som er komne opp, vaknar til liv.
Ut til ei stille strand med 18-19 grader i sjøen.
For ei lukke! Det boblar i magen og eg får lyst å ropa høgt!
Tilbake i byen, er også den i ferd med å vakna til liv.
Fleire kjende å treffa på i den tettpakka gata.
Full rulle med parade og offisiell opning av festivalen.

Hylla”
Ein god ven inviterer meg på middag på “Hylla”.
Restauranten på Alexandra hotell har ein avdeling ute på balkongen, derav namnet.
Det vert breiflabb og rosévin.
Deretter ber det opp på Kulturhuset på konsert.
Kan ein nokon gong verta for gamal til dette? spør eg meg sjølv.
Nokon kan nok det – og kanskje til og med eg.
Men det er eg så definitivt ikkje enno!
Takk Moldejazz for at eg får lov å vera med!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar