fredag 26. september 2025

Til fjells

Tida går så fort. Heima har Kvitingen vore grå ei stund. Men hausten er i ferd med å melda sin ankomst og skal gjera Kvitingen kvit igjen. Folk melder om skraping av bilruter.
Det meste er som det plar å vera.








Pøysene her i området, ser også ut som dei er dekka av rim.
Det er salt.
Eg måtte smaka på det, og ja, det var salt.
Ikkje så merkeleg, då eg oppheld meg i ein by med stor saltproduksjon. 

Venetianarane bygde saltgruvene her på 1400-talet. Dei var bygde for å produsera salt som vart eksportert til resten av Europa.
Og då Osmanarane erobra Kypros i 1570, drog dei nytte av saltgruvene der. Difor vart Elounda-saltgruvene oppgradert og produksjonen haldt fram her heilt til 1972.  

Her ei kveld tok eg meg ein gåtur til Plaka. På vegen oppdaga eg at det gnistra oppi ein telefonstolpe. 
Jaja, tenkte eg, dette er gjerne heilt normalt? Med så mange hotell i området, bak høge murar, så kan kanskje tilbodet til behovet for straum halda hardt frå til annan.
Denne kvelden bevilga eg meg eit besøk på ein av restaurantane langs stranda, for eit glas vin. Men før eg hadde fått glaset på bordet, vart alt svart. Straumen var gått over heile linja. Raskt kom det solcelle-lampar på bordet.
Som på bestilling, dukka det også opp ei dame som selde batteri-lampar og anna ein kan koma til å trengja når det er mørkt. Men sidan eg alt er utstyrt med slikt, kjende eg at eg var meir enn hjelpen. 
Så kvelden vart rett så hyggjeleg. 

Då glaset var tomt, kveikte eg lommelykta mi og tok fatt på vegen heimover (ca 2 km). Men der var det ikkje så mørkt som eg fyrst hadde trudd. Alle dei lokale hotella hadde fungerande aggregat, så det mangla ikkje på gateljos, for å seia det slik.


I Norge er eg ikkje den mest ivrige fjellvandrar. Det går mest i turar i skog og mark. Men no var det klart for ei skikkeleg utferd etter min målestokk. Ikkje akkurat til Kvitingen, men kanskje meir Torefjell. Det var ein liten bris i lufta og sdet lova bra med tanke på temperatur. Med sykkel på slep, gav eg meg i veg oppover vegen eg har gått mange gonger før. 




Den store gevinsten er utsikta. Det gjer at turen gjerne kan gjentakast årleg.

Om vegen opp var tung, vart vegen ned att lett. Nok ein gevinst etter å ha drege på sykkel.


Vegen gjekk forbi ein artig restaurant som heiter Mamma Mio. Der vart det ein liten pause. 
Lokalitetane er innreia med plakatar i alle fargar og motiv, puter med portrett av Frida Kalo, bade-ender i mange versjonar og ei ljosekrune i alle regnobogens fargar. 

Hyggjelege innehavarar og innpåslitne kattar.

 


No er eg aleine heima og har fått ansvar for hønene nokre dagar. Dersom hanen er plagsom,  skal eg berre jaga den vekk med ein staur..... 

Det kan verta spanande.....


5 kommentarer:

  1. Takk igjen Inger. Kjempekos å lesa. Spanande å høyra korleis det går med deg og hanen. Klem frå Magni syste

    SvarSlett
  2. Å føler eg er der!! Takk, du beskriv så bra😀 Godt det ikkje er frittgåande høner då 😅 -Eva -

    SvarSlett
  3. Du fortel godt og levande. Fint at du trivst på same staden. Fortel gjerne meir

    SvarSlett
  4. Medan dei verste stormane på 25 år smell i veggane her, e da kjekt i lune sofakrokar å få ve me deg her! Har du lenge igjen? Arve

    SvarSlett