mandag 15. september 2025

Ein gul gul sommar

Med nye gule sandalar i kofferten, har eg sett meg på bussen til Voss. 
Valdagen er gjennomført og stemmene talde. Heldige oss som bur i eit land det demokratiet rår og val går heller roleg for seg.

Sandalane ligg førebels i kofferten, som nemnt. Ikkje det største behovet for den type fottøy på Voss.
Sandalane er meir tenkt for bruk i ein forlenga sommar litt lenger sør i Europa.
Turen startar med mellomlanding på Voss for så å ta toget vidare til Oslo ilagt besøk til vener og familie.
Deretter fly vidare til til Athen og Heraklion.
 


Dei gule sandalane vart innkjøpt i ein fenomenal skobutikk i Vendsyssel, Danmark. Nærare bestemt i Elling. 
Nina og eg tok ferja frå Kristiansand til Hirtshals, der Britt tok imot oss med hennar Ford Connect tresetar. Me skulle tilbringa 5 dagar saman, i det gule huset hennar nord for Frederikshavn.
Og om forventningane var store, var det ingenting imot det som verkeleg møtte oss.
For eit paradis! 
Gode dagar med mat og dykk, prat, bading, skokjøp, plenklypping og jordrotte-jakt. 







Danmark er jo som alle veit, eit dejlig land.

Gler meg alt til neste møte.
Trass i at vegen seier det er langt heim




Vel attende i Norge, gjekk turen til mitt favoritt-område i Norge, Vestfold, før det vart kunst og kultur med veninne Moira i Oslo.



















Adressa mi er Norheimsund, og eg oppheld meg der også, om det ikkje alltid ser slik ut. 
I sommar har eg vore så heldig å få arbeida litt på
Hardanger Fartøyvernsenter, etter ein pause på 16-17 år. 
Kunnskapen eg tileigna meg frå 1984 til 2008 (med nokre pausar innimellom), sat i hukommelsen klar til å formidlast til lydhøyre gjester.
Det var storveges. 

Eg anbefalar alle å ta seg ein tur dit. Etter ei formidabel oppgradering med nybygg og medfylgjande fasilitetar, er det ein draum for alle aldersgrupper. 


Og no er det Kreta som står for tur. 
Det er klart for varmare klima ein månads tid. 
Hytta er klar. Sykkelen er klar. Eg er klar.

"Medan heltane slåst ved Troja"
(fritt etter Olav H Hauge)


6 kommentarer:

  1. Dette var kjfmpekjekt å
    Lesa. Ynskjer deg ein vidunderlig tur kjære syste. God klem

    SvarSlett
  2. Alltid so kjekt å lesa det du skriv, Inger ❤️ no ser eg fram til fortsettelsen på Kreta 😎☀️❤️

    SvarSlett
  3. Det skulle ikkje stått anonym, men Magni

    SvarSlett
  4. Du er virkelig en god skribent Inger. Håber at få besøg af dig hos Per og mig i Beder eller Ålbæk. Lige nu udstiller Per hans flotte malerier i Odder. Spændende udstilling. Vi ses ! ! Lige pludselig kh Turid og Per hilser

    SvarSlett
  5. Ynskjer deg gode dagar på Kreta. Du spreier gul og skinande sol der du ferdast, her i Askim, og no er det Kreta.
    Nyt dagane!!!

    SvarSlett
  6. Nyt dagene Inger❤️ et ein havabbormiddag for meg på torget😎
    Gler meg til oppdateringer. Klem frå Eva

    SvarSlett