torsdag 16. august 2012
På hell?
Er sommaren på hell?
Mitt fyrste sommarbad vart gjennomført denne veka.
Og mitt andre.
Og idag har eg tenkt å ta mitt tredje.
Med kaffi og nista syklar eg ein tur inn på Valland no straks.
Støvsugaren får stå att å venta til eg kjem att.
Det er klart for pakking og flytting.
Ikkje av meg.
Eg har no tenkt å vera her.
Men dei to eg deler adresse med skal avgårde.
Trur det er ein prosess som er lagt inn i menneskenaturen.
Til liks med mat og drikke.
I allefall kjennest det slik ut her i huset.
Hjå alle tre.
Eg veit eg har skreve om dette før - så det skal ikkje dvela ved vidare.
No er det heller klart for sykkeltur!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar