lørdag 11. oktober 2025

Ro i sjela

Det kjennest som om verda rundt meg har til hensikt å senda meg heim. Det er kjølig og vinden er frisk. Innimellom opnar himmelen slusene og regnet velter ned i store mengder. Det trengst, forresten. 
I mangel på regnkle eller paraply, kjem oliventrea godt med om ein vert overraska på vegen.

Men her går byene over, så etter ein liten time etter skybrotet, skin sola for harde livet frå blå himmel.


Eg set ute. Uansett ver og vind, eg må vera ute lengst mogeleg. Må nytta høve medan ein kan det.
Eg balanserer med meg pc og drikke og pute og teppe ut i hengekøya, for å lesa, kikka på ein film eller sjå eit tv-program på kvelden. 

På dagtid er det nydeleg å vandra litt oppi fjellsidene med sola i fjeset og nok vatn i sekken.
Ein møter gjerne på ein daud slange av ukjent opphav, sauer, kilometervis med steingardar og mengder av oliventre.
For så å avkjøla seg i framleis varmt hav etter turen.



                   





Det er ei eigen ro over livet her.
Tanken på å pakka saman og reisa, er litt stressande faktisk. 
Snart er det heim til ein forhåpentlegvis, sylskarp haust. 
Det er viktig å fokusera på at det kan verta koseleg å koma heim til stova, til vaskemaskin og fyr i peisen. Men nett no er det ganske fjernt. 

Det er ufatteleg kor lite ein treng for å ha ro i sjela.
Kanskje nettopp derfor. 



tirsdag 7. oktober 2025

Soria Moria

 

Eg trur blått hav er noko med det vakraste eg veit (etter barnebarna mine).


Scenografien i dette målarstykket, er det ikkje noko å seia på  - når ein ser vekk frå trafikk og flygande plastposar.
Men her er det uro i kulissene.
Sterke krefter, med mykje pengar, kjøper seg inn og et seg oppetter liene. Dei lokale er urolege. Eg høyrer stadig at dei uttaler seg i skeptiske tonelag. Familiar som ikkje ser seg råd til å halda på eigedomar, ynskjer sjølvsagt å selja. 






Og slik vert det snakka meir og meir framande språk bak høge murar og skilt med "private property".







Men idag valde eg å reisa opp i høgda, til Kritsa.
Det vart ein liten busstur, før eg hoppa av i ein forholdvis liten by kor eg aldri har vore i tidlegare.

Idyllisk, stille, reint og fullt av turistar.
Litt overraskande det siste der faktisk, men eg var der jo eg. Så då må ein jo rekna med at  andre finn vegen dit også.

Kritsa er mest kjend for produksjon av olivenolje. 

I 1927 danna ei gruppe lokal olivenprodusentar Landbrukskooperativet Kritsa. Gruppa opna eigen fabrikk for olivenproduksjon i landsbyen i 1934. 

Denne olja har vunne gjeve internasjonale prisar. 


Det vart ikkje noko olje-smaking på meg, men eg tusla rundt i nokre timar, før eg fann vegen ned att til havet, som også her opp ifrå kunne skimtast i det fjerne. 



På veg heim ser eg at sola skin på Spinalonga som vert liggjande som eit Soria Moria der ute.
Framtida kan ingen spå.


lørdag 4. oktober 2025

Min næraste nabo; Aga konak

 


Min næraste nabo har namnet Aga residens.
Eg har i alle alle år har trudd at dette var ein privat eigedom som til liks med så mange andre eigedomar, var forsømt og stod til nedfalls. Det stod tidlegare til og med eit skilt med til sals på bygninga.

Så ikkje så rart at eg konkluderte med ovanståande.



Og så feil kan ein ta når ein ikkje les seg opp på historia til residensane i nabolaget.
I fylgje ein reiseguide på nettet, 
har me her å gjera med ein bygning med ein lang og særeigen historie.


Bygninga vart sett opp i 1616 av den venetianske føydalherren i området, nokre år før den kretiske krigen og osmanarane sin okkupasjon av Kreta. Eigedomen er fyrste gong avbilda i ei gravering frå 1638 og er ein av dei få gjenverande av i alt 120 føydale landlege residensar frå den venetianske perioden på Kreta. 



I løpet av den osmanske perioden vart eigedomen hovudsakleg nytta som residens for Aga Papoutsoglou. Det vart då gjort nokre inngrep som å leggja til eit hamman (tyrkisk bad) og å leggja tegltak.


Etter 1943 vart bygninga brukt til flyktningar medan den sidan 1980 er erklært som eit monument av den greske staten.



Likevel representerer Aga konak ei heller ny historie i Kretisk samanheng.
Landa her omkring kan fortelja ei historie som faktisk fysisk kan sporast så langt attende at det er vanskeleg å fatta.
Det er møysommeleg grave fram bygningar, svære krukker, små figurar, smykker, gravkammer, skrifter, verktøy og mykje meir. 
Dettte er  gjenstander som syner aktive, siviliserte og oppegåande samfunn så langt attende som til i alle fall 2500 før vår tidsrekning.




Eg kjenner meg som ein ørliten prikk i den store samanhengen.