Eller Øpstevegen som me seier på Kvammamål.
Det er ikkje noko pittoresk gresk småby eg oppheld meg i, akkurat.
Ganske bra med trafikk som er losa gjennom sentrum av det som eingong var ein pittoresk fiskelandsby. Planane om ein veg utanom, har det vore snakk om lenge. Svært lenge. Men enno er ingen planar landa.
Litt som i Grove, eigentleg.
Og trafikken er diverre betydeleg større i år enn førre året. Nye hotell vert bygd og det hamrar og grev overalt. Difor held eg meg gjerne litt i utkanten, der det framleis er ro og fred.
Men av og til må ein ut i trafikken. Og i mangel av eit par vesentlege varer, passa det godt å ta ein tur til butikken.
Men av og til må ein ut i trafikken. Og i mangel av eit par vesentlege varer, passa det godt å ta ein tur til butikken.
Tenkte at det må no vera ein veg som er litt rolegare enn den som går forbi huset.
Og det var det. Ein 4 timars tur over "fjellet", ilagt kaffipause på veg opp og badepause då eg kom ned att på andre sida.
Ikkje ein gong ei leidningsmast var å sjå. Sauene beita og oliventrea såg ut til bæra godt med frukt. Og det er bra, då det var dårleg førre året.
Det mest skremande eg traff på var to hundar, som heldigvis var godt tjora.
Ellers var det stille og roleg oppetter.
Og det var det. Ein 4 timars tur over "fjellet", ilagt kaffipause på veg opp og badepause då eg kom ned att på andre sida.
Trass i at vegen for den meste var asfaltert, traff eg kun ein bil og ein scooter der oppe i høgda.
Ikkje ein gong ei leidningsmast var å sjå. Sauene beita og oliventrea såg ut til bæra godt med frukt. Og det er bra, då det var dårleg førre året.
Det mest skremande eg traff på var to hundar, som heldigvis var godt tjora.
Ellers var det stille og roleg oppetter.
Går vegen opp går den mest sannsynleg nedover att også. Langs asfaltveg og på stiar, trokla det seg nedover forbi gamle vindmøller mot meir folk og meir trafikk.
OG meir rusk og rask.
Etterkvart som eg nærma meg byen, openberra det seg eit totalt renovasjons-havari.
Utan ord, serverer eg herved eit ørlite potpurri av det som dukka opp langs vegen.
Det heile vart litt underleg.
Utan ord, serverer eg herved eit ørlite potpurri av det som dukka opp langs vegen.
Det heile vart litt underleg.
Du e so god å beskriva eit det er ein fryd å lesa❤️❤️
SvarSlettMagni
SvarSlettDu skriver så jeg kan se det hele for meget kære søskendebarn.
SvarSlettDu skildrar godt, og eg vette Pittelitt misunneleg 🥰
SvarSlettIngen veit kor haren hoppar. Ferre veit kor Inger stoppar. Ser at tida er inne til å leva ut di utferdstrong. Les at du no må vera attende på game kjende langt vekkistanske tufter der du trivs best i fjøresteinane til blått hav so langt du ser. Kjekt for oss alle - du som der og då til fulle nyt alt og alle og skriv på og mellom linjer til oss som i kjølvatnet med interesse les alle dine tankar, ord og gjerningar. Du skriv som du på ut- og innpust snakkar dine kvardagslege ut- og inntrykk på og mellom velskrevne linjer. Dette er fengjande for oss forvitne heimante som har stor interesse av å få fylgja med ut på tur ……. aldri sur. Kos deg masse, da gjer me……. i alle fall eg frå Tangen i Kristiansand.
SvarSlett