fredag 19. september 2025

På tour


Med 26 deilige grader på gradestokken, må eg vera ærleg med at eg lurde på om det var forsvarleg å sykla 1 mil  - halvparten av vegen i oppoverbakke.
Men abstinensen etter å sykla rundt i nærområdet, vart for sterk. 
Utstyrt med sykkelkorg og sykkellås fann eg vegen over til busstoppen for å henta sykkel. 

Bussen skulle eigentleg gå kl 11:30, men det er ikkje alltid slik at den går når det står i disse trakter. Det passa difor godt å treffa på eit ungt par frå Armenia - eit land eg veit svært lite om, som også skulle med denne bussen.
Halvtimen den var for sein gjekk fort med 
hyggjeleg prat og mykje ny informasjon. 

Med den snertne hjelmen eg kjøpte av Anna på Voss på hovudet og sykkelkorga eg har lånt av husverten min på styret, starta "the long and windy road" heimover.
Og det var ikkje mange kilometrane eg la bak meg, før behovet for drikke melde seg. Dette kunne verta heftig. Skulle eg stansa neste buss og spørja om å få ta sykkelen med i bagasjerommet?

Tanken på å stå i solsteiken i 1/2 time freista lite. Eg la meg på trøene og trødde på vidare. Halveges oppi åssida, fann eg eit tre å setja meg under for påfyll av drikke. Og hell over alle hell, det viste seg at dette var eit fikentre, med fiken på. Både vatn og fiken var nydeleg påfyll og resten av oppoverbakkane gjekk som ein leik. 
Og så kom nedoverbakkane.



Fiskebåtane var komne inn og fortøygde.
Dei gule garna er renska og gjorde klare til nye kast.

Eg er litt glad i langsame morgonar, så det vert ikkje til at eg kjøper fisk rett frå båtane. 
Eg lagar riktignok maten min sjølv.
Og dersom menyen er fisk, kjem den frå frysedisken på supermarkedet.  
Smakar heilt greitt den også.






1 kommentar: