søndag 20. januar 2019

Memory lane

Foto: Jan Granlie 
Min gode ven Arve, la ut eit bilde frå skøytebanen på Rockefeller Center i New York. Det fekk minnene til å dukka opp;   
Der har eg vore, tenkte eg, og leita fram bilde frå for lenge sidan. Eg fekk lurt med meg Jan med kamera, for ein slik anledning må forevigast, må veta.

Og vidare spann  tankane om seine kveldar på Skårsvatnet.    


Under fullmånen med kakao i termosen.
Betre kan det ikkje verta. 



Så etter at kneet er fullt restituert, reknar eg med at skøytene kjem i bruk att.
Kanskje ikkje i Rockefeller Center.
Men andre alternativ som Skårsvatnet, ligg nært og lett tilgjengeleg.

Rett utanfor kantinedøra her på Lærdal Sjukehus til dømes!
Då me kom ned til middag, kom det ein kar inn, lettare skjelven i knea. 
På føtene hadde han sandalar og han stødde seg til krykkjer utan piggar.
Han innrømma umiddelbart, at han hadde overvurdert sin kapasitet på glatten på det noverande stadie i restituerings-prosessen.
Og han var relativt målretta der han med nasa mot heisen, krykkja seg inn i varmen.

Me andre fekk skikkeleg god gammaldags søndagsmiddag.
Og denne fekk meg nok ein gong til å plukka fram minner.
Minner om "dampen" som slett ikkje var damp lenger i min barndom.
Men MS Hardangerfjord.
Den kom til Norheimsund annankvar søndag.
Og familien Wilhelmsen, sette seg alltid til middagsbordet idet ho kom inn sundet.

Bilderesultat for ms hardangerfjord





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar