fredag 19. august 2011

Sånn


No har me vaska ut barndomsheimen
Den skal seljast
Me har plukka ut del for del
Møbel for møbel
Bilde for bilde
Eit heilt liv og vel så det

Eg vaska soverommet til mor mi og far min
Fyrste det gamle – i andre etasje
Minner om frukost på senga, alle 7
5 born og to foreldre
Minner om då eg var sjuk og fekk lov å liggja i senga deira
Minner om då vener også ville liggja der, når dei var sjuke

Då eg vaska det nye – i fyrste etasje
kom ein film for augene på meg
Om ein kreftsjuk far, som sov og sov og sov
Medan TV’en stod på
Det kom ein film om ei sjuk mor
Ei mor som trong hjelp
Ei mor eg kviskra inn i øyra då lege og sjukebilpersonal kom og redda livet hennar

Ei mor eg fylgde til sjukehuset
Gong på gong

Då me var ferdige
Sette me oss på trappa og himmelen stod i brann
Me tolka det som at mammo og pappen sa at det var greitt 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar