Då foreldra mine døydde, fekk eg eit intenst behov for å rydda opp
Ei kjensle av at “no er det snart slutt” liksom
Dei har vore der heile mitt liv
Då dei var borte, var også mi tid over på eit vis
Er dette ein vanleg reaksjon?
Husværet mitt heng litt med nebbet
Eg prøver å rydda, kvitta meg med saker og ting
Malar og fiksar og ordnar
Med tanke på at det skal vera klart
Klart til kva?
Klart for at sønene mine skal ta over?
Eg pusser opp – i alle fall malar eg
Eg planlegg å kjøpa meg nytt dusj-kabinett
Eg planlegg å kjøpa meg ny vask
Eg prøver å tenkja at det skal vera klart for meg sjølv
Eg prøver å unna meg sjølv å ha det fint og nytt rundt meg
Klar for “part II”
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar